Hopp til hovedinnhold
matprat logo
Dag Henning

Ga innspill til regjeringens klimaplan

Regjeringen skal legge frem en plan for hvordan Norge skal nå målet om å kutte klimagassutslippene med 45% innen 2030. Kjøtt- og eggbransjen ga sine innspill på dagens møte med landbruks- og matminister Olaug Bollestad og klima-og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Direktør i MatPrat, Dag Henning Reksnes, presenterte kjøtt- og eggbransjens innspill på vegne av Nortura, Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund, Animalia og Opplysningskontoret for egg og kjøtt.

På vegne av Nortura, Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund, Animalia og MatPrat vil eg kommentere nokre sentrale punkt knytt til regjeringas arbeid med Klimaplan 2030.

La meg starte med å slå fast at egg- og kjøttbransjen definitivt stiller seg bak målet om reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket, og at vi fullt ut støttar dei offentlege kosthaldsråda og arbeider for at desse vert følgt.

Men, klimatiltaka må ikkje redusere norsk matproduksjon, svekke matsikkerheita, sjølvforsyninga og samla berekraft i norsk landbruk.

Ved gjennomgangen av Klimakur 2030, såg vi at kosthaldstiltaket ville få store konsekvensar - og at tiltaket ikkje såg ut til å vere tilstrekkeleg underbygd eller konsekvensvurdert.

Vi bad difor Oslo Economics sjå nærare på dei samfunnsøkonomiske konsekvensane. Deira gjennomgang viser at dei økonomiske innsparingane knytt til helseeffekt i kosthaldstiltaket er over-estimerte, og at berekningane av kva tiltaket vil koste ikkje er riktige.

Dette skuldast:

  1. Analysen i Klimakur ikkje ser på kva verkemiddel som skal nyttast for å oppnå den omtala kosthaldsendringa, og kostnadane er ikkje medrekna i tiltakskostnaden.
  2. Tiltakskostnadene  inkluderer berre driftskostnadane, og ser bort frå investeringskostnader.
  3. Den same helsegevinsten er rekna fleire gonger
  4. Dei såkalla vunne leveåra er lagt inn som gevinst, men i realiteten vil desse leveåra kome fleire år etter at kosthaldet endrast
  5. Effekten av økt inntak av grønsaker og grove kornprodukt/kostfiber vert sett på som ein effekt av redusert kjøtforbruk

Det er også betydeleg usikkerheit knytt til kostnaden av kosthaldstiltaket:

  1. Om tiltaket er mogleg å realisere, vil det krevje betydelege og svært inngripande verkemidlar for at den delen av befolkninga som i dag et mest kjøt,  erstattar kjøtkonsumet med fisk, frukt og grønsaker i den grad som tiltaket legg opp til. Samansetninga av kosthaldet og kva matvarer som skal erstatte reduksjonen i rødt kjøt er avgjerande for ein evt. helsegevinst. Klimakur sannsynleggjer ikkje at forbrukarane vil erstatte kjøt med grønsaker og frukt.
  2. Det er også usikkert korleis forbruket vil fordele seg mellom norske og utlandsproduserte varer. Lågare norskdel vil medføre større utsleppsreduksjonar i reknestykket, utan at det nødvendigvis totalt sett gjev mindre utslepp.

Kosthaldstiltaket er berekna å medføre 14 prosent reduksjon i sysselsettinga i norsk landbruk (tilsvarande over 6 000 årsverk) og 13 prosent reduksjon i arealbruk i landbruket.

Dette er truleg ei underestimering, og eit meir sannsynleg utfall er at meir enn 8000 årsverk går tapt i primærproduksjon (13 000 -15 000 inkl. ringverknader), og at 3 mill. dekar eller om lag 30 % av arealet går ut.

Slår dette til vil det innebere stort tap av kulturlandskap og langt mindre landbruk og busetting i distrikta.

Konflikten mellom kosthaldstiltaket og måla for norsk politikk er langt større og meir grunnleggjande enn kva Klimakur beskriv.

I sum er dei økonomiske konsekvensane av kosthaldstiltaket noko heilt anna enn det Klimakur viser til.

Oslo Economics si vurdering er at kosthaldstiltaket ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt, men tvert i mot skape auka kostnader.

Og det er mogleg å auke norskandelen av grønsaker, poteter, frukt og bær betydeleg utan å redusere den norske husdyrproduksjonen.

Vi må ta omsyn til dei naturresursane vi har å lage mat på, og då er husdyra heilt nødvendige for å ha berekraftig norsk landbruk, god matsikkerheit

Sist oppdatert: mandag 15. juni 2020

 

Kommentarer

Ingen har kommentert enda. Bli den første!

    For å skrive en kommentar må du være logget inn.

    Andre ting du kanskje synes er interessant

    version:11.21.1.12320, server:MP-PRD-WEB11 12.12.2024 21:57:39